Påske i Flåm

Kombiner ski i myrkdalen eller på vatnahalsen med unike opplevingar i flåm!

Ta “fjellvegen” med tog frå Oslo / Bergen og spektakulære Flåmsbana til Flåm, eller ta fjordruta med ekspressbåt frå Bergen. Vi ligg midt mellom aust og vest, rett ved E16! Vi ligg også sentralt i forhold til nokre av Noregs beste skidestinasjonar. Myrkdalen Fjellandsby er kun ein 45 minuttar køyretur frå oss, og Vatnahalsen ligg ved toppen av Flåmsbana - eit paradis for frikøyring.

Flåm har attraksjonar og aktivitetar som passar alle! Flåmsbana, RIB-tur i UNESCO Nærøyfjorden, Stegastein Utsiktspunkt, Vikinglandsbyen i Gudvangen og mykje, mykje meir. Vårt eige Ægir Bryggeri produserar verdskjend øl, og ølet kan du smake i unike Ægir BryggeriPub. Her serverar vi også Ægir Vikingplanke - vår populære 5-rettars øl- og matmeny (også tilgjengeleg utan øl og som barnemeny).

Bu på Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet, i koselege rom med balkong og fjordutsikt.

Skjærtorsdag inviterer vi til Påskefest i Ægir BryggeriPub. Ta på deg gule klede og bli med på festen du òg!

Ægir Vikingplanke - ein unik 5-rettars øl- og matmeny! Tilgjengeleg for born og utan alkohol!

Ægir Vikingplanke - ein unik 5-rettars øl- og matmeny! Tilgjengeleg for born og utan alkohol!