våre selskaps- og arrangementslokale

Vi har lokale for store og små grupper med særpreg og karakter. Vel din stil - formelt med kvite dukar og festpynta bord, eller uformelt og sosialt rundt langbord. Flåmstova Restaurant passar store grupper i ei varm atmosfære med rustikk, delikat og moderne stil. Restauranten har 95 plassar, og totalt 150 plassar ved å inkludere Ægir Smaksrom Peisestova som ligg vegg i vegg med dør mellom. Ægir Smaksrom Peisestova har plass til ca 50 personar og fungerar godt som lokale for mindre grupper eller saman med Flåmstova Restaurant. Ægir BryggeriPub er rustikk og røff, eit unikt lokale som er "bygd rundt" ein ni meter høg peis. I andre etasje er det plassar til rundt 80 personar på småbord og langbord. Flåmsbrygga Hotell kan dekkast til ulike arrangement som passar til inntil 50 personar.