Nyttårsaftan 2018

Nyttårsfeiring med vikinggilde i Ægir BryggeriPub og eksklusivt midnattscruise på fjorden - Velkomen til ei unik nyttårsfeiring i Flåm!

Ring inn det nye året i vakre Flåm. Nyt eit vikinginspirert måltid i rustikke Ægir BryggeriPub med smakar frå ulike tidsepokar. I ekte vikingstil vert all mat servert på bordet i skåler og på fat. Nyt det – saman med vener og familie.

Bli med på midnattscruise med den nyskapande og heil-elektriske båten «Future of the Fjords». Vi seglar i mørket til lyden av stemningsfull pianomusikk. Ved midnatt vert fjordbygdene rundt oss lyst opp av fyrverkeri, og vi tek ein skål for det nye året! Festen held fram i Ægir BryggeriPub etter midnattscruiset.

Program

19:00: Aperitiff i Ægir stil.

19:30: Vikinggilde i Ægir BryggeriPub med kalde og varme rettar samt ulike dessertar og kaffe/te. Nyt smakfulle rettar av laks, lam, hjort, svin, bacalao, gode salatar, grønsaker, krumkaker med moltekrem og mykje meir. Maten vert servert på bordet på fat og i skåler.

22:00 – 01:00: Eksklusivt midnattscruise som inkluderer velkomst – og nyttårsdrink, levande musikk og fyrverkeri.

01:00 – 02:30: Festen held fram i Ægir BryggeriPub.

Pakkeprisar 

Kr 1 985,- pp inkl. vikinggilde i Ægir BryggeriPub og eksklusivt midnattscruise på fjorden med overnatting i delt dobbeltrom og frukost  på Flåmsbrygga Hotel.

Kr 1285,- pp inkl. vikinggilde i Ægir BryggeriPub og eksklusivt midnattscruise på fjorden.

Kr 595,- pp inkl. vikinggilde i Ægir BryggeriPub.

anna informasjon

Ægir BryggeriPub er eksklusivt for vikinggilde mellom kl. 19:00 og 22:30.

Frå kl. 22:30 opnar vi dørene for andre som ynskjer å feire med oss.

Inngang etter kl. 22:30 kr. 150,-, førstemann til mølla, begrensa med plassar.