vi er Miljøfyrtårn-sertifisert!

Det betyr at vår verksemd tek berekraft på alvor og har oppfylt strenge krav til: arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og estetikk.

Vår miljøstrategi er å til ein kvar tid kartlegge moglegheiter for å gjere tiltak for å kunne drive på ein mest mogleg miljøvenleg måte. Dette til glede for våre gjester, tilsette, lokalsamfunnet og ikkje minst dei fantastiske omgjevnadene hotellet er lokalisert i.

Ved å velje ei miljøfyrtårn-sertifisert verksemd, bidreg du til ei meir berekraftig framtid.