Ledig stilling, fulltid:

Servitør i flåmstova restaurant

Flåmsbrygga Hotell søkjer engasjert og serviceinnstilt servitør til flotte Flåmstova Restaurant. Som del av Flåmsbrygga-klynga, ligg restauranten på hamna i Flåm med fantastisk fjordutsikt og god atmosfære. Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane, og har lenge vore populært om sommaren. I dag er Flåm ein heilårsdestinasjon med stort fokus på vinterhalvåret.

Flåmsbrygga er ein av dei leiande reiselivsaktørane i området og omfattar hotell med møterom og selskapslokale, Flåmstova Restaurant, Furukroa Kafè samt Ægir BryggeriPub. Vi er nært knytta til Ægir Bryggeri – eitt av Noregs første og kjende mikrobryggeri, samt aktivitetsselskapet FjordSafari Norway. Vår kulinariske filosofi er at det skal vere Ægir-øl i og til maten, og vi nyttar lokale ingrediensar som er kjende frå Vikingtida, men er smaksette for dagens gane.

Arbeidsoppgåver:

  • Utføre god service, kundebehandling og vere vertskap

  • Halde frukost for hotellets gjester

  • Servere lunsj og middag til grupper av ulik storleik

  • Ta bestillingar og servere middag til individuelle

  • Arbeide med kassasystem, bordbestillingar og ta enkle dagsoppgjer

  • Halde orden, rydde og vaske

  • Klargjere og gjennomføre arrangement og selskap

  • Sal og meirsal

Vi søkjer deg som:

  • Er over 21 år (grunna alkoholservering)

  • Er utadvent og engasjert med godt humør og god servicehaldning

  • Er arbeidsam, fleksibel og stabil

  • Er strukturert, organisert og løysningsorientert

  • Har gode evner til å kommunisere

  • Trivst i eit hektisk arbeidsmiljø

  • Trivst i eit internasjonalt og fleirkulturelt miljø, med kollegaer og gjester frå heile verda.

  • Snakkar og skriv godt norsk (evt. eit anna skandinavisk språk) og engelsk.

Du har gjerne erfaring frå serviceyrket.

Tiltredelse etter avtale, 100% stilling.

Rett eventuelle spørsmål og send din søknad med CV til:

Eileen Winnem Bjerga, Driftsansvarleg. Telefon: +47 57 63 20 66 / +47 41 92 32 03 - E-post: eileen@flamsbrygga.no

WE MAKE PEOPLE HAPPY!

Ynskjer du å bidra til å gjere folk glad? I så fall vil vi svært gjerne høyre frå deg!