Ledig stilling, fulltid:

Restaurantansvarleg i Ægir BryggeriPub

Flåmsbrygga Hotell søkjer engasjert og serviceinnstilt restaurantansvarleg i populære Ægir BryggeriPub. Bryggeripuben er Ægir Bryggeri si eiga skjenkestove med bryggeri og pub i første etasje og restaurant i andre etasje, og er ein stor attraksjon i Flåm. Vi har middag à la carte heile året, lunsj à la carte i sommarsesongen, presentasjonar og ølsmaking samt selskapsmenyar og ulike arrangement for firma og grupper. Arkitekturen, maten og atmosfæren er unik, og er inspirert av Norrøn Mytologi og Vikinghistorie. Vår kulinariske filosofi er at det skal vere Ægir-øl i og til maten, og vi nyttar lokale ingrediensar som er kjende frå Vikingtida, men er smaksette for dagens gane.

Som del av Flåmsbrygga-klynga, ligg Ægir BryggeriPub på hamna i Flåm. Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane, og har lenge vore populært om sommaren. I dag er Flåm ein heilårsdestinasjon med stort fokus på vinterhalvåret. Flåmsbrygga er ein av dei leiande reiselivsaktørane i området og omfattar hotell med møterom og selskapslokale, Flåmstova Restaurant, Furukroa Kafè samt Ægir BryggeriPub. Vi er nært knytta til Ægir Bryggeri samt aktivitetsselskapet FjordSafari Norway.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvarleg for drift av restaurant i Ægir BryggeriPub

  • Personalleiing som er prega av klåre mål, lagbygging, humor og inspirasjon

  • Planlegge og koordinere vaktliste og personale (med fokus på effektiv tidsbruk) samt opplæring.

  • Utføre god service, kundebehandling og vere vertskap

  • Ta bestillingar og servere lunsj og middag til individuelle og grupper av ulik storleik

  • Handtere bar og skjenking, samt lage drinkar.

  • Klargjere og gjennomføre arrangement og selskap

  • Arbeide med kassasystem, bordbestillingar og ta enkle dagsoppgjer

  • Halde orden og gjere varebestillingar.

  • Sal og meirsal

Vi søkjer deg som:

  • Er over 21 år (grunna alkoholservering)

  • Likar øl, og som ynskjer å lære om samt fremje vårt gode handverksøl

  • Er utadvent og engasjert med godt humør og god servicehaldning

  • Er arbeidsam, fleksibel og stabil

  • Er strukturert, organisert og løysningsorientert

  • Har gode evner til å kommunisere

  • Trivst i eit hektisk arbeidsmiljø

  • Trivst i eit internasjonalt og fleirkulturelt miljø, med kollegaer og gjester frå heile verda.

  • Snakkar og skriv godt norsk (evt. eit anna skandinavisk språk) og engelsk.

  • Har erfaring frå serviceyrket, helst innan restaurantbransjen.

Tiltredelse etter avtale, 100% stilling.

Rett eventuelle spørsmål og send din søknad med CV til:

Eileen Winnem Bjerga, Driftsansvarleg. Telefon: +47 57 63 20 66 / +47 41 92 32 03 - E-post: eileen@flamsbrygga.no

WE MAKE PEOPLE HAPPY!

Ynskjer du å bidra til å gjere folk glad? I så fall vil vi svært gjerne høyre frå deg!