Ledig stilling: resepsjon- og bookingmedarbeidar

Flåmsbrygga Hotell ligg i Flåm – ein av dei viktigaste reiselivsdestinasjonane i Noreg. Flåm har alltid vore eit reisemål om sommaren, med Flåmsbana, cruisetrafikk og Nærøyfjorden på Unesco-lista. I dag har vi aktivitet heile året og stort fokus på vinteraktivitetar.

Flåmsbrygga er eit anlegg med særpreg og omfattar hotell, restaurant, kafé og den kjende Ægir BryggeriPub. Vi har eit godt samarbeid med aktivitetselskapet Flåm Guideservice – søsterselskapet vårt. Sidan 2007 har Flåmsbrygga hatt ei rivande utvikling som vi ønskjer skal halde fram.

Vi søker reSEpsjon- og bookingmedarbeidar i fast stilling!


Arbeidsoppgåver:

  • Inn- og utsjekk av gjester

  • Betjene sentralbord

  • Sal og meirsal

  • Gjesteservice

  • Booking – grupper og individuelle på opphald, arrangement og aktiviteter

  • Fakturering

  • Ivareta resepsjonen sin funksjon som hjarte i bedrifta

  • Forefallende arbeid

 

Eigenskapar og kvalifikasjonar:

  • Du er entusiastisk og engasjert, og har god servicehaldning

  • Du er utadvendt, arbeidsam og stabil

  • Du snakkar og skriv godt norsk (evt. eit anna skandinavisk språk) og engelsk.

  • Du er strukturert, organisert og løysingsorientert

  • Du har godt humør

  • Du trivst i eit hektisk miljø

  • Du er fleksibel

  • Du har gode evner til å kommunisere

  • Du har erfaring med booking system

Du har gjerne erfaring frå serviceyrket og helst frå resepsjonsarbeid.

Tiltrede: Snarast

 

Eventuelle spørsmål til stillinga kan rettast til:

Booking- og resepsjonsjef Ann-Kristin Lyngtu Svortevik på tlf  57 63 20 52.  


Send søknad med CV til Flåmsbrygga Hotell på e-post:
ann-kristin@flamsbrygga.no