Julebord

Legg årets julebord til Flåmsbrygga Hotell! Her har vi noko for kvar ein smak - vel ditt julebord nedanfor. Kombiner gjerne med øl- og akevittsmaking i Ægir BryggeriPub eller kjekke aktivitetar som FjordSafari, lagbygging og rebus. Kontakt oss for eit god tilbod!

 

thumbnail.jpg

Familiejulebord

Ta med heile familien – store og små, unge og eldre til familiejulebord på Flåmsbrygga.
Nyt den heimelaga julematen – sylteflesk, rull, pinnekjøt og svineribbe, og mykje, mykje meir. Dessertbord, kaker og kaffi.

Dato: Søndag 9. desember 2018 frå kl 13.00.


Pris: Vaksne kr 325,- og born 3-12 år kr 165,-

Julebord2011-4.jpg

Tradisjonelt Julebord

Aperitiff – Ægir sitt julebrygg servert i Ægir BryggeriPub.
Stort koldtbord med kald og varm julemat, dessertbord, kaffe og te.
Det populære lokale bandet Frendar får fart på dansefoten i Flåmstova Restaurant.

Dato: Laurdag 1. desember og Laurdag 8. desember

Pris: Kr 695,- pr person

Ægir Viking plank 02 Thor Brødreskift.jpg

førjulsarrangement i Ægir bryggeripub

Ægir Vikingplanke og ølsmaking

5 rettar på fat og 5 øl på planke


Pris: kr 545,- pr person

Aquavite & Beer 01 Thor Brødreskift.jpg

Skreddarsydd

Gjer julebordet ekstra spesielt - la oss skreddarsy ei flott oppleving for deg, din familie, dine vener eller kollegaer. Akevitt høyrer høgtida til, så kvifor ikkje arrangere ei øl - og akevittsmaking for heile gjengen? Og ynskjer de å vere i aktivitet og sjå det beste frå området vårt - då har vi dei beste aktivitetane for dykk! FjordSafari, lagbyggingsaktivitetar eller guida turar i området passar perfekt saman med eit julebord i Flåm!