Flåmsbrygga Hotell

Det rustikke Bryggerihotellet i hjarta av Flåm - ope heile året!

Flåmsbrygga Hotell ligg idyllisk til på hamna i Flåm i nærleiken av alle transportruter, aktivitetar, butikkar og restaurantar - men framleis stille og fredfullt med fantastisk utsyn over fjorden. Flåmsbrygga er lite og intimt med ein særprega stil – både tradisjonell og rustikk, men samstundes moderne og delikat. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas. 

Flåmsbrygga er eit tun med tre bygningar. Her er hotellrom i to bygg, møterom, Flåmstova Restaurant, Furukroa Kafè samt Ægir BryggeriPub i same tun. Flåmsbrygga ligg idèelt til for aktivitetar og utflukter året rundt og vi har ei rekke pakkar samt forslag om kva ein kan gjere i Flåm. 

Alle bygg i tunet er røykfrie, men vi har ein eigen røykepaviljong i hagen. 

 

 

Den som har komme inn og frys på knea, treng eld. Den som har fare i fjell, treng mat og klede.
— Håvamål