PAKKETILBOD: AURLANDSDALEN

FRÅ FJORD TIL FJELLS - OG I ÆGIR TIL KVELDS!

Den velkjende og historiske Aurlandsdalen var ein gong hovudvegen mellom dei austlege og vestlege delane av Norge. Området, som kallast Noregs “Grand Canyon”, er vilt og storslått, rikt på plante-og dyreliv, kulturelle skattar, historie og geologiske trekk. Turen strekker seg frå Østerbø til Vassbygdi og vert rekna som ein dagstur på 6-8 timar. Stien tek deg forbi dalar og juv, ned bratte skråningar, omgitt av høge og taggete fjellformasjonar. Det er ei uforgløymeleg oppleving for turgåarar. Ein bør stoppe på stader som dei gamle gardene Nesbø, Sinjarheim og Almen. Fleire av dei gamle husa står der fortsatt og vitnar om ei svunnen tid. Det er mange forteljingar og historiar knytt til dei uvanlege stadsnamna ein møter på vegen. Verdt å nemne er den merkelige steingryta som omringar eit tjern, kalla Vetlahelvete.

PAKKETILBOD 1. JUNI - 30. SEPTEMBER:

Dag 1: Østerbø Fjellstove - 3 rettar middag og overnatting.
Dag 2: Frukost. Vandring i Aurlandsdalen frå Østerbø til Vassbygdi. Lunsjpakke og termos. «After hike» i Ægir BryggeriPub.
Flåmsbrygga Hotell - 3 rettar middag og overnatting.
Dag 3: Frukost.


Fotturen i Aurlandsdalen er på eiga hand.
Godt merka sti. 6–8 timar.

Pakketilbod: 2 døgn frå kr 2 975,- pp

Aurlandsdalen 3.JPG

praktisk informasjon

Tid: Sjølve gåturen tek omlag 6 - 8 timar.

Lengde: Turen er omlag 20 km lang.

Høgdeskilnad: frå 820m til 70m.

Du bør ha erfaring frå fjellturar og greit kondisjonsnivå. Gode tursko og klede etter vèret. Anbefalast ikkje dersom du har rygg eller kne problem.


BREKKEFOSSEN

På fottur til Brekkefossen vil du ha ei fantastisk utsikt over fjorden og inn dalen. Turen startar frå Flåm sentrum, kor ein går eit stykkje på asfaltert veg opp dalen, langs Flåmselva. Etter 1,5 km lett gange, fortset me oppover fjellet til Brekkefossen plattform. Den steinete og bratte stien gir raskt høgde og snart er den vetle bygda Flåm synleg mellom trea. Etter ca 30 minuttar oppoverbakke, åpnar stien seg opp på ein graskledd avsats og tilbyr vakker utsikt over området. Bestill ein privat guide for å få ei unik innsikt i den lokale kulturen, historia og livet ved fjorden!

FGS-Custom-Brekkefossen-DSC_5241.jpg

PRAKTISK INFORMASJON

Tid: 2 timar og 30 min med guide

Lengde: 5 km tur/retur Flåm sentrum.

Høgdestigning: Ca. 155m

Turen passar for alle. Gode tursko og klede etter vèret.

Turen med guide er kun tilgjengeleg på førespurnad.


FLÅMSDALEN

Me startar denne turen på den berømte Flåmsbana, som tek deg 20 km opp gjennom Flåmsdalen, frå havnivå til 867 moh. Gåturen startar frå Myrdal stasjon. Her kan ein nyte utsikta og sjå fleire fossefall langs fjellsidene, mens ein føl elva nedover dalen.Nyt ei personleg guida oppleving, fullpakka med historiar, forteljingar og lokal kunnskap! Ta eit stopp på Rallarrosa Stølsysteri (åpen frå midten av juni til midten av september). Her kan du kjøpe gode lokale råvarer frå bondejentene og helse på geitene.

Alternativt utgangspunkt kan vera Vatnahalsen eller Blomheller, eller du kan gjere turen kortare ved å ta toget ned att frå Berekvam til Flåm (halvvegs ned i dalen).

Flamsdalen-Haust-Kardal Sverre Hjorevik.jpg

Praktisk informasjon

Tid: Ca. 5 timar med guide

Lengde: 18 km gåtur frå Myrdal til Flåm.

Høgde: Startar på 866 moh, og du ender opp i Flåm på ca 2 moh.

Turen passar for alle. Gode tursko og klede etter vèret.

Turen med guide er kun tilgjengeleg på førespurnad.


Prest (Røyrgrind Varde)

Utflukta startar i vår komfortable minivan frå Flåm til Stegastein. Nyt vakker utsikt frå det berømte utsiktspunktet, før me fortset køyreturen lenger oppover vegen til parkeringsplassen. Her i frå leiar ein godt tråkka sti opp til den nordlege utkanten av fjellet mot Prest. Turen går i bratt oppoverbakke. På rundt 1000 høgdemeter, er det ein brattare del der sporet smalnar inn til ein liten sti med tildels lause steinar. Etter å ha passert dette, vert du belønna med ei fantastisk utsikt over fjorden. Varden på 1363moh. kjem til syne over deg. Vegen er breiare og lettare å gå på den siste strekninga. Denne delen av fjellet kallas Røyrgrind og det er her mange vel å avslutte turen. Varden har ein imponerende størrelse. Her fins det ein liten boks med ei notatbok der du kan leggje att ei helsing frå ditt besøk. Pust inn frisk fjelluft, nyt eit "stykke Norge" og ta ein "fjordutsikt selfie" før me går tilbake same vegen.

Hiking torgeir skjedal prest.JPG

praktisk informasjon

Tid: Rundturen tek 5 timar, med start og slutt i Flåm (ca. 1 time i bil).

Lengde: 6,5 km gåtur / Høgdestigning: Ca. 545m.

Turen er bratt og krever bra fysisk form. Anbefalast ikkje om du har kne eller rygg problem! Gode tursko og klede etter vèret.

Turen med guide er kun tilgjengeleg på førespurnad.


rimstigen

Me køyrer med minivan frå Flåm til den vetle landsbyen Bakka, som ligg ved den majestetiske Nærøyfjorden. Herfrå startar me turen opp Rimstigen. Dette er ein gamal sti som vart brukt av bønder som levde langs Nærøyfjorden, då den einaste måten å kome seg til nærliggande landsbyer var over fjellet. Rimstigen er den brattaste stien i området med ein stigning på 725 meter, totalt 2,75 km. Turen er utfordrande og veldig bratt. Nyt fantastisk utsikt når du kjem til toppen av Rimstigen, pust inn frisk fjelluft og sørg for å ta nokre bilde før me vandrar nedover den same stien.

Rimstigen Torgeir Skjerdal.jpg

praktisk informasjon

Tid: Rundturen tek 5-6 timar, med start og slutt i Flåm (ca. 1 time i bil).

Lengde: 5 km gåtur / Høgdestigning: Ca. 720m.

Turen er bratt og krever bra fysisk form. Anbefalast ikkje om du har kne eller rygg problem! Gode tursko og klede etter vèret.

Turen med guide er kun tilgjengeleg på førespurnad.


Hovdungo

Me køyrer med minivan frå Flåm til garden Vikesland (460moh). Frå Vikesland føl me stien til den gamle fjellgarden Hovdungo. Hovdungo ligg 780 meter over vakre Aurlandsfjorden. Der kan du nyta spektakuler utsikt over fjord-og fjellandskapet. Turen er middels utfordrande, men nokre delar av stien er svært bratt. På toppen vert du beløna med ei av dei beste fjord utsiktene i området, før me vende nasen tilbake same veg som me kom.

Hovdungo Torgeir Skjerdal.JPG

praktisk informasjon

Tid: Rundturen tek 4 timar, med start og slutt i Flåm (ca. 1 time i bil).

Lengde: 5,4 km gåtur / Høgdestigning: Ca. 320m.

Turen er bratt og krever bra fysisk form. Anbefalast ikkje om du har kne eller rygg problem! Gode tursko og klede etter vèret.

Turen med guide er kun tilgjengeleg på førespurnad.