grupper

Bestill måltid for grupper på førehand! Flåmsbrygga har eit rikt utval av menyar og tilbod, og fleire ulike lokaler som kan passe til di gruppe. Sjå nedanfor for ulike tilbod i våre lokaler, og ta gjerne kontakt for eit tilbod eller skreddarsydd opplegg.


flåmstova restaurant

lunsj

I Flåmstova vert du møtt av ein roleg stemning i ein koseleg og uformell setting, og du kan nyte utsikten over hamna og fjorden. Lunsjbuffeten har eit rikt utval av tradisjonsrike norske rettar og internasjonal mat. Her finn du bl.a. friske salatar og grønsaker, fårikål, omnsbakt fisk, kylling, wok, vegetar, poteter, ris, brød, og stort dessertbord samt kaffe og te. Innhaldet på buffeten vil variere i høve til sesong og kva råvarer vi har tilgang på.

Vi tilbyr lunsjbuffet for grupper heile året!

I Mai - September serverer vi lunsjbuffet kvar dag frå 11:00.

I vintersesongen serverer vi lunsjbuffet for grupper på minimum 30 personar.

Prøv også våre 2- og 3 rettar gruppemenyar!

middag

Rustikk, delikat og moderne restaurant med eige selskapslokale for stor eller lita gruppe, og slik du ønskjer det.


2 og 3 rettar meny for grupper på farten.

Selskapsmeny, vikingbuffet og øl- & matmeny for grupper i restauranten eller i eige selskapslokale.


furukroa kafè

middag

Fargerikt, moderne og hyggeleg, med flott utsyn over hamna og fjorden. Furukroa Kafè er eit populært lunsjstopp og har eit rikt utval av smårettar, kaldt og varmt samt kaker og kaffebar. Vi serverer bl.a. suppe, husmannskost, kylling, burger, pizza og vegetar for grupper i Furukroa Kafé.


vikingmeny i ægir bryggeripub eller ægir smaksrom peisestova

Nyt eit smakfullt måltid i Ægir BryggeriPub eller Ægir Smaksrom Peisestova, med ispirasjon henta frå vikingtida og smakar tilsett frå vårt eige Ægir bryggeri. Ægir øl samt ingrediensane i ølet vert brukt i marinadar og sausar, og humlen, malt og urter set ein ekstra spiss på maten. Ægir bryggar øl som er smaksrikt, lyst og mørkt, og som passar til alt frå fisk og vilt til sjokolade. Vi nyttar norske og lokale råvarer – dei som vart brukte i vikingtida, men smaksette for dagens gane. Her vil du få ei smaksoppleving frå 1018 til 2018.

lunsj

Prøv Ægir Vikingmeny til lunsj – friske salatar, fisk- og skalldyrsuppe, viltburger, eller 5 rettar Vikingplanke . Få ei ny smaksoppleving med øl til alle rettane.  

Gruppebestilling til lunsj i Ægir BryggeriPub i sommarsesongen 1. mai – 30. september frå kl 12.00.

middag

Vikingmenyar til små og store grupper, i det lokale som passar best for gruppa di.

  • Ægir Vikingplanke er ein populær gruppemeny for grupper opp til 50 personar i eige lokale - Ægir Smaksrom Peisestova.

  • Ægir Vikingbuffet – stor buffet med bl.a. plukksvinburger, lammepølse, svinenakke, og ribbein med Porter bbq, bakte søtpoteter, salatar, dessert og kaker. For grupper på min. 30 personar. Sjå meny!

  • Ægir Vikinggilde – Opplev eit vikinginspirert måltid i eit rustikt miljø. Passar for 10- 20 personar på langbord i Ægir BryggeriPub og for større grupper – opptil 50 personar i Ægir Smaksrom Peisestova og opp til 100 personar i Flåmstova Restaurant. I ekte vikingstil vert all mat servert på bordet i skåler og på fat. Sjå meny!