Fjordsafari & vandretur til leim

Start med Basic FjordSafari og gå i land i Skjerdal. Vegen frå fjorden til støls ca 360 m.o.h. går oppover i slyng med flotte utsyn. På stølen Leim får vi omvisning og lunsj med mat som er laga på garden – ulike geitostar, spekemat, salatar, stølskaffi og mjølkekake med rømme og syltetøy.

Gode tursko anbefalast. Sjølve gåturen er 3,5 km lang med ein stigning på 370 høgdemeter og tek ca 1-1,5 time opp og ca. 30 minutt attende til bilen. Ta med vatn til turen. Turen anbefalst ikkje dersom du har kne eller rygg problemar. Alle aldrar velkomne. Barn må klare å gå turen sjølve eller bærast av foreldre.

Leim-Goat-Farm- © Kaitlin Bailey - Matador Network - www.fjordnorway.com (orginal 5184px).JPG

praktisk informasjon

Tid/periode: 5,5 timar rundtur

15. Juni 2019 - 31. August 2019, kl. 09:00-14:30.

Oppmøte: 20 minutt før avgang i FjordSafari resepsjon.

Pris: Vaksne kr. 1490,- / Barn kr. 990,- inkl. transport, lunsj og guide på heile turen.