Firmafeiring

Anten det er jubileum, feiring av gode resultat, årsmøte, styresamling eller andre formål, har vi gleda av å ynskje velkomen til Flåmsbrygga! Her finn du Bryggerihotellet med totalt 41 rom, ulike selskapslokaler og møte-fasilitetar samt dyktige personale og kokkar som syt for eit vellukka arrangement.