Familierom med balkong

Når heile familien er på tur er det kjekt å bu saman!

Våre familierom er romslege (27 kvadratmeter) med to rom og bad. Med to dobbeltsenger og plass til ei ekstra seng kan det bu opp til fem personar på rommet. Familierommet har stor balkong med nydeleg fjordutsikt som kan nytast i gode utemøblar. Her har du alt du treng for eit komfortabelt opphald samt ei god natts søvn. Romma er i ein rustikk og tradisjonell stil, men samstundes moderne og delikate. Her får du den gode atmosfæren som Flåmsbrygga Hotell er kjend for.

Våre familierom ligg i andre etasje og er kun tilgjengeleg via trapp. 

Om rommet

  • Dobbeltseng, 150x200cm

  • Dobbel sofaseng, 150x200cm

  • Ekstraseng ved behov, 65x190cm

  • Eige bad med WC og dusj med dusjsåpe

  • Komfortable lenestolar

  • Flatskjerm fjernsyn

  • Vannkokar med kaffe- og teposar

  • Minibar med godt utval av drikke og snacks.

  • Hårfønar

  • Møblert balkong

  • Gratis trådlaust internett

  • Rom og balkong er røykfrie

  • Gratis parkering