er du vår nye sous chef?

Me på Flåmsbrygga hotell ynskjer oss ei engasjert, triveleg, og kreativ sjel.

Du vert sentral i utvikling av nye menyar for vårt restaurant-konsept der vårt fokus ligg på kombinasjon av øl og mat. For oss er det viktig at du likar øl og at du ser dei store moglegheitene som ligg i kombinasjonen mat og øl.

Me ser etter deg som:

  • Har fagbrev som kokk

  • Har erfaring frå økonomi og drift av kjøkken med 3-5 års erfaring – gjerne som sous chef eller anna erfaring som leiar på kjøkken.

  • Er god på konsept- og menyplanlegging

  • Kommuniserer godt på norsk eller anna skandinavisk språk både munnleg og skriftleg. Du beherskar engelsk.

  • Jobbar strukturert, set deg inn i eksisterande rutinar og system, og er oppteken av
     matsikkerheit og reinhald. 

Me ynskjer nokon som likar å vera ein del av eit team, men som samstundes er sjølvstendig og ikkje er redd for å ta i eit tak. Du må trivast i små, uformelle miljø både på og utafor jobb. Arbeidstida er for det meste på sein ettermiddag/kveldstid med ansvar for a la carte og selskapsservering i Flåmstova restaurant.

Føler du deg truffet, så er vi interessert i ein prat med deg. Send oss din CV med eit brev der du fortel litt om deg sjølv til e-post mat@flamsbrygga.no.

Vi kan tilby:

  • Ein god arbeidsplass med hyggelege kollegaer der du får brukt din kreativitet og utviklingstalent, samt at du får konkurransedyktig løn for å drive med det du aller helst vil drive med.

Du er velkomen inn i vårt gode og uhøgtidlege arbeidsmiljø – her gjer vi ikkje skilnad på høg eller låg og humor er ein viktig ingrediens på kjøkkenet vårt.

Sjå full FINN-stillingsannonse her for meir informasjon og korleis DU kan søke!


Våre medarbeidarar er den viktigaste ressursen vi har. Difor er me alltid interesserte i menneske som vil gjere ein god jobb og gi gjestene våre det aller beste. Har du lyst å jobbe hjå oss, vil du finne utlyste stillingar på denne sida når noko er ledig. Uansett ynskjer vi alltid å kome i kontakt med talent og flinke folk, så send oss gjerne ein e-post dersom du brenn for å jobbe saman med oss. Generelle søknadar kan sendast oss på jobb@flamsbrygga.no.