Arrangement

Flåmsbrygga er staden for selskap og arrangement

Med eit rikt tilbod og gode fasilitetar ligg alt til rette for ditt neste arrangement. Freistar det med oktoberfest, tradisjonelt julebord og ølsmaking - eller vil du ta med familien, vener eller kollegaer for ein heilt spesiell feiring? Flåmsbrygga er staden for eit minneverdig selskap og arrangement. 

Me har selskapslokale for store og små grupper med særpreg og karakter. Vel din stil - formelt med kvite dukar og festpynta bord, eller uformelt og sosialt rundt langbord. Flåmstova Restaurant tek gjerne i mot store grupper i ei varm atmosfære med rustikk, delikat og moderne stil. Restauranten har 95 plassar, og totalt 150 plassar ved å inkludere Ægir Smaksrom Peisestova som ligg vegg i vegg med dør mellom. Ægir Smaksrom Peisestova har plass til ca 50 personar og fungerar godt som lokale for mindre grupper eller slått saman med Flåmstova Restaurant. Ægir BryggeriPub er rustikk og røff, eit unikt lokale som er "bygd rundt" ein ni meter høg peis. I andre etasje er det plassar til rundt 80 personar på småbord og langbord. Ta gjerne aperitiffen rundt peisen i Ægir BryggeriPub før selskapsmiddagen startar i Flåmstova Restaurant.