Aktivitetar

Kombiner møtesamling med kjekke, lærerike og unike aktivitetar og utflukter i området. Nedanfor er forslag på aktivitetar som passar for små og store grupper, med noko for kvar ein anledning og sesong.


FGS-Thea-HermansenDocument Name-HQ_7.JPG

FjordSafari i verdsarven - heile året!

Nyt den storslagne vestnorske naturen frå opne RIB-båtar på ein guida tur gjennom Aurlandsfjorden og verdsarvområdet Nærøyfjorden. Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med ein dyktig, engasjert og kunnskapsrik båtførar/guide.

Kapasitet på 60 personar mellom april og oktober, og 36 personar frå november til mars. For større grupper splittar vi gjerne gruppa og køyrer parallell-opplegg med andre aktivitetar og opplevingar.


FGS-Thea-Hermansen-hq-DSC_2250.jpg

Trugetur og snøleik

Trugeturen startar i Flåm med buss til Aurlandsfjellet og eit stopp på det kjente utsiktspunktet Stegastein. Trugeturen byrjar, og guiden gir innføring i å gå på truger, eit ypperleg «fottøy» i laussnøen. Det unike ved vinteren langs fjorden blir formidla, og ein får oppleve ei spektakulær utsikt over det flotte og dramatiske landskapet.

Ved store grupper kan vi anbefale snøleik og kjekke konkurransar i området rundt Vatnahalsen Hotell, i samarbeid med våre partnarar i Flåm.


Oktoberfest 8 (2).jpg

lagbygging og rebus

Ta eit avbrekk i møtedagen. Få nye impulsar, ny energi og bygg lagånd! Bli med på kjekke aktivitetar og rebus i Flåm, og styrk lagkjensla og samhaldet.

Vi skreddarsyr eit opplegg til di gruppe!


Brewing 13 Thor Brødreskift.jpg

ølruta i flåm

Få ei lærerik omvising i produksjonslokalet til Ægir Bryggeri, bli testa i dine øl-kunnskapar gjennom øl-rebusen på veg til Ægir BryggeriPub. Bruk sansane dine og oppdag ei ny verd av lukt og smak med ølsmaking.


Evan glas -Thor Brødreskift.jpg

presentasjon og ølsmaking

Historie, presentasjon og ølsmaking. Høyr og ta del i den spennande historia, og smak på 5 av våre mest populære Ægir øl.

Gruppebestilling, etter avtale.
Tid: 45 – 60 min.
Stad: Ægir Smaksrom Peisestova
Pris: kr 295,- pr person for grupper på min. 15 personar og totalt kr. 4 425,- for mindre grupper.


Fjellsko VisitFlam Morten Rakke.jpg

vandring og sykling

Bli med på tur i vårt vakre område verdsarvområde. Er gruppa interessert i vandring kan vi anbefale Aurlandsdalen eller Flåmsdalen, og er det sykkel som er i interessant - anbefalar vi sjølvsagt Rallarvegen! Dette kan kombinerast med lunsjboksar frå oss, med ein guide frå vår søsterselskap Flåm Guideservice, og aktivitetar som Flåm Zipline!


DSC_0331.jpg

flåm zipline

Opplev Flåm sin nye og store attraksjon - Flåm Zipline, den lengste ziplinen i Norden på heile 1381 meter. Ziplinen ligg ved Vatnahalsen Stasjon, nær Flåmsbana og Bergensbana. Adrenalinet pumpar og pulsen stig i det du set utfor det 305 meter høge stupet, og susar gjennom vill og vakker natur nedover Flåmsdalen. Ziplinen stoppar i Kårdalen ved Rallarrosa Stølsysteri i den øvste delen av Flåmsdalen. Her kan du senke skuldrene med ein kopp kaffe, smak av tradisjonsrik geitost og melkelappar.