ægir smaksrom peisestova

Er de ei mindre gruppe og ynskjer eit privat lokale til dykkar arrangement? Ægir Smaksrom Peisestova er perfekt!

I rustikk stil, med delikate detaljar og lun atmosfære - passar Ægir Smaksrom Peisestova godt til alle typar arrangement og lag. Her er runde og firkanta langbord med komfortable stolar og benker med skinn. Vel din stil - kvite dukar og festpynta bord, eller rustikt og røft med flotte tre-bord.

Ynskjer de å syne film eller bilete? Rommet har eigen prosjektor og lerret som elles er skjult. Prosjektoren heisast ned frå taket ved behov.

Ta gjerne aperitiffen rundt peisen i Ægir BryggeriPub før arrangementet startar i Ægir Smaksrom Peisestova. 

Kapasitet:

  • Omlag 55 personar (saman med Flåmstova Restaurant er det plass til 150 personar).

Sjå forslag til menyar for grupper her!