Ægir øl og mat

Konseptet – det skal vere øl i og til maten, har vorte ein suksess.


Ægir BryggeriPub er gjennomsyra av vikinghistorie, og menyane likeeins. Vi nyttar lokale råvarer – dei som vart nytta i vikingtida, men smaksette for dagens gane. Her vil du få ei smaksoppleving frå 1018 til 2018. Ægir øl er brukt i marinadar og sausar og humle, malt og urter får sette preg og ein ekstra spiss på maten.  Ægir bryggar øl som er smaksrikt, lyst og mørkt, og som passar til alt frå fisk og vilt til sjokolade.

Vikingplanken er den store favoritten på menyen, og denne vil du få nyte i god atmosfære. Vikingplanken er vår unike 5-rettars øl - og mat meny. Den består av fem rettar mat som er perfekt para med fem ulike sortar øl frå vårt eige Ægir Bryggeri. Smak skalldyr, røykt rein, skalldyrsuppe, svineskanke og ei sjokolade ganch kake som smeltar på tunga. Vikingplanken er tilgjengeleg utan alkohol, for barn, som vegetar og kan tilpassast allergenar som gluten og laktose. Venlegast gi beskjed på førehand. 

Sjå våre menyar og tilbod under her!