Ægir øl og mat

Konseptet – det skal vere øl i og til maten, har vorte ein suksess.


Ægir BryggeriPub er gjennomsyra av vikinghistorie, og menyane likeeins. Vi nyttar lokale råvarer – dei som vart nytta i vikingtida, men smaksette for dagens gane. Her vil du få ei smaksoppleving frå 1018 til 2018. Ægir øl er brukt i marinadar og sausar og humle, malt og urter får sette preg og ein ekstra spiss på maten.  Ægir bryggar øl som er smaksrikt, lyst og mørkt, og som passar til alt frå fisk og vilt til sjokolade.

Ægir Vikingplanke er vår signaturrett! Den unike 5-rettar øl– og matmenyen parar fem rettar lokal mat med fem ulike sortar Ægir-øl, og kombinasjonen er perfekt. Smak skalldyr, røykt rein, skalldyrsuppe, svineskanke og ei sjokolade ganach kake som smeltar på tunga. Vikingplanken er sjølvsagt også tilgjengeleg utan alkohol eller som vegetar, og vi har til og med ein eigen vikingplanke for born!

Sjå våre menyar og tilbod under her!