Ægir BryggeriPub

Søkjer du ei unik atmosfære og ramme rundt ditt arrangement? Ægir BryggeriPub er perfekt!

Byggestilen er inspirert av norrøn mytologi og utvendig minner bygget om ei stavkyrkje. Inne kjenner du varmen frå den 9 meter høge peisen, omkransa av dragehovud og veggar prega av drivved. I første etasje finn du puben, medan andre etasje er restaurant. Rustikt og røft, samstundes varmt, lunt og koseleg med særprega detaljar. Nyt eit vikinginspirert måltid rundt flotte langbord!

Dersom ein ynskjer å halde middagen i eit av våre andre lokale, anbefalar vi å starte med aperitif rundt peisen i Ægir BryggeriPub.

Kapasitet:

  • Inntil 80 personar til bords for lunsj / middag.

  • Inntil 150 personar til andre typar arrangement - aperitif, ølsmaking, fingermat og liknande.

Sjå forslag til menyar for grupper her!