Selskap på Flåmsbrygga
Be inn gjestebod i tråd med god vestlandsk gjestfridom!
Du vel sjølv ramma for gjestebodet, om det skal vere jubileum med kvite dukar, eller det meir robuste med skifergolv, vegger prega av drivved, dragehovud og med varme på peisen.
Her kan du samle vener og kollegaer til middagselskap, blåtur eller firmafest.
Vi foreslår ein uformell velkomst i Ægir Bryggeri. Her er det høgt under taket, og god tumleplass rundt peisen. Alle må få helse på alle, og komme i den rette stemninga.
Til middagen kan du velge eige selskapslokale, eller langbord i restauranten. Etter maten kan festen fortsette på dansegolvet til eigen musikk, eller i bryggeriet med langbord, peiskos og gode historier.





English
Norsk