Flåmstova Buffet
--for ferdafolk og anna godtfolk, i grupper og lag, rett frå Flåmsbana, båten eller bussen.
Lunsjbuffeten vår er viden kjent, og den i seg sjølv er grunn god nok til å samle vener, kjende og heile slekta. Buffeten har stort innslag av tradisjonelle matrettar med lokale råvarer, fisk, kjøt og vegetarmat, kaldt og varmt, og stort dessertbord. Her finn du også smaksrike internasjonale rettar.
Buffeten står dekka kvar dag i sommarsesongen frå 15. juni og ut august, og ellers på enkelte raude kalendardagar året gjennom. I Flåmstova Restaurant kan du samle gruppa i eige selskapslokale eller til bords i open restaurant.
Inngang 100 meter frå togstasjonen, bussparkering, og expressbåtkaia
Ved spørsmål om arrangement, bordbestilling, bryggeriomvising, hotell, og generelle spørsmål om Flåmsbrygga, ver venleg å ta kontakt med booking på e-post, booking@flamsbrygga.no eller resepsjon@flamsbrygga.no





English
Norsk