Flåmsbana - Togforbindelse
Flåmsbrygga ligg 100 meter frå Flåmsbana Stasjon i Flåm.
Du kan komme til Flåm med tog frå aust og vest, heile året. Toget mellom Oslo og Bergen stoppar på Myrdal og derifrå tek du Flåmsbana til Flåm. Turen med Flåmsbana er også ein del av rundturane ”Norge i et Nøtteskall” og ”Sognefjorden i et Nøtteskall”.
I vinterhalvåret er det 4-5 daglege avgangar på Flåmsbana - medan det i sommarhalvåret går 10 togavgangar begge veger.
Info/togbillettar. tlf. 815 00 888 - www.nsb.no og www.flaamsbana.no (opnar eit nytt vindu.)






English
Norsk