Restaurantsjef
Flåmsbrygga ligg idyllisk til i Flåm heilt nede i vasskanten ved Sognefjorden. Med ein natur utan sidestykke og eit pulserande folkeliv, er Flåm det 4. mest besøkte turiststaden i Noreg. Nærmaste tettstad er Voss, og Bergen er ein køyretur på 2 1/2 time unna.
Vårt høgaste ønske er at Flåmsbrygga med Ægir Bryggeri, Flåmsbrygga Hotell, Furukroa Kafe og Flåmstova Restaurant, skal vere ein triveleg og uformell møtestad, der våre gjester kan hygge seg i ei stemningsfull atmosfære. Samtidig satsar vi stort på å skape ein kvalitetsrestaurant, både når det gjeld mat, drikke og service.
Vår visjon er at Flåmsbrygga skal vere leiande i Noreg i kombinasjonen mat og øl med spanande og kreative menyar. Vår filosofi er: øl i og til maten. Vi har vårt eige bryggeri, Ægir Bryggeri, som står for all ølbrygginga og har landsomfattande distribusjon. Vi er inne i ein prosess der vi ønske å utvikle vår restaurant vidare med øl og mat i fokus. I denne samanheng treng vi ein kreativ restaurantsjef som ønskje å være del av eit spanande konsept og vere med å påverke utviklinga i restauranten i åra framover.
Restaurantsjef
Vi søkjer ein restaurantsjef som er sjølvstendig, entusiastisk, kreativ, nyskapande og har eit godt humør sjølv i travle situasjonar. Dessutan er det viktig at du er fleksibel, har stor arbeidskapasitet, er lag-orientert og har omtanke for gjester og kollegaer. I tillegg ønskje vi at du:
* Er fagleg dyktig
* Har erfaring frå liknande arbeid
* Har kremmarånd med fokus på salg, resultat og service
* Likar å vere leiar
Restaurantsjefen vil vere i leiargruppa saman med dagleg leiar.
Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
* Personalleiing som er prega av klåre mål, lagbygging, humor og inspirasjon
* Å spreie kunnskap og informasjon om mat og øl til gjester og i faglege forum
Ansvarsområde er mellom anna:
* Planlegging og dagleg drift av restauranten
* Innkjøp til restaurant
* Lagerstyring
* Budsjettering
* Vaktliste - og personalplanlegging
* Opplæring av medarbeidarar
Det er ein føresetnad at du kan kommunisere godt på norsk og engelsk.
Vi kan tilby deg ein hundre prosent stilling, godt og hektisk arbeidsmiljø, utfordringar, gode utviklingsmoglegheiter samt gode lønsvilkår for rette person.
Spørsmål om stillinga rettast til Aud Melås, tlf. 99163372
Søknadsfrist 29. februar 2012. Søknad med CV sendast til job@flamsbrygga.no
eller merk "Restaurantsjef" og send pr post til :
Flåm Turistsenter AS,
Flåmsbrygga,
Boks 44,
5742 Flåm






English
Norsk