LogoHjemBooking
NYHENDE FLÅMSBRYGGA HOTELL FLÅMSTOVA RESTAURANT FURUKROA ÆGIR BRYGGERI KURS / MØTE OM OSS

Nyhende

Flåmsbrygga høsten 2010

Vi kviler ikkje på våre laurbær, men synest det er kjekt å ta eit lite tilbakeblikk ein av desse varme sommarkveldane i august.

Ægir Bryggeri opna i 2007 og var kåra til ”Årets Bryggeripub” i 2008 og 2009.
Flåmsbrygga Hotell opna i 2008 og på Tripadvisor meiner gjestene våre at dei har budd på ”the best hotel during our stay in Norway”.

Flåmstova Restaurant vart opna på nytt i mars 2010, i heilt ny stil, og har hatt fullt hus kvar einaste kveld i sommar.

…og gjestene våre spør: Er det ope her på vinteren?

JA, her er det ope året rundt!
Sist vinter hadde vi kursgrupper på fjordsafari i RIB-båt i desember og februar!

Bergensbana, Flåmsbana og båt til Gudvangen går heile året.
Rundturen Norge i et nøtteskal er på sitt beste i september/oktober, og Flåmsbrygga ligg på kaien i Flåm – midt i ”Norge i et nøtteskal” turen.

landskap2-.jpg
 
Kva skjer på Flåmsbrygga i haust?
Vi har mange godbitar på programmet i haust:
trio184-84.png
Tango & Gipsy swing i Ægir 11. september 2010

Trio Libertango frå Salzburg spelar argentisk tango og gipsy swing i Ægir Bryggeri & Pub kl 21.00. Nettside
oppmeny_hires-184-84.jpg
Ægir-buffet 9. oktober 2010

Vår matfilosofi er at det skal vere Ægir øl i og til maten.

Ugras, urter, grønt og vilt, smakar i balanse med Ægir øl.
 
Vi nemner som eksempel: 
Marinerte og bakte raudbetar med geitost
Fisk og vilt marinert i Ægir øl, Byggmalt risotto
Flatbrød med rista malt
Ølmarinerte bær med mørk sjokolade - og porter!

Weekendpakke: kr 1090,- pp i dobbeltrom m/frokost, inkl. arrangement og buffet. Ekstra døgn fredag til laurdag: kr 890,- pp i dobbeltrom m/frokost og middag fredag kveld. Nettsider
pub_fireplace-184-84.jpg
Stå opp-poesi og rakfiskbuffet på Ægir 22. - 24. oktober 2010

Vi gjentek suksessen frå i fjor, og i år skjer det laurdag 23.oktober.
Her skal det diktast, drikkast og etast i Ægir si ånd!
Du er gjest og kanskje ein av stå-opp poetane denne kvelden.
Kveldens spontanpoesi skal samlast i ei eiga bok med Ægir sine husdikt.

Weekendpakke: kr 1090,- pp i dobbeltrom m/frokost, inkl. arrangement og buffet. 
Ekstra døgn fredag til laurdag: kr 890,- pp i dobbeltrom m/frokost og middag fredag kveld. Nettside
klevstrand-184-84b.png
Nynorske Litteraturdagar 29. – 31.10.2010

Program kjem, her er noko for alle - uansett alder, og vi berre nemner:

Fredag 29.10.: Quiz og stand-up, konsert med Lars Klevstrand i Ægir.

Laurdag 30.10.: Seminar på Flåmsbrygga Hotell:
”Grautmål, gamalost og Bob Dylan” - på Ægir med Arve Uglum, Øystein Vangsnes og Henning Rivedal.

Bestill hotellrom kr 595,- pr person i dobbeltrom, pr døgn.
Nettside