Aktivitetar ved Sognefjorden
Flåmsbrygga ligg ved fjorden, berre nokre skritt frå båtkaia og Flåmsbana, og midt i rundturen Norge i et nøtteskall®. Ta båtcruise frå Flåm til den lengste av fjordane - Sognefjorden og til den trangaste - Nærøyfjorden, som er på Unesco verdsarvliste.
Fjorden i Flåm er isfri, men vi ligg midt mellom dei mest snøsikre områda i Noreg, Myrkdalen i vest - 40 minutt med bil, og Finse i aust - ca 1 time med toget.
Kombinér opphald og teambuilding på Flåmsbrygga med skitur, sykling, vandring og fjordsafari.
Les meir:
Vinter:
Skidag i Myrkdalen : Skirenn og konkurranse, alpint og snøbrett, snøball og snømann.
Finse: Skiseil på Finsevatn, bretur på Hardangerjøkulen, kaffe ogh vaflar på Klemsbu.
Sommar og haust:
Frå fjord til fjells - med Ægir til kvelds!
Vandring i Aurlandsdalen. Pakketilbod med Østerbø Fjellstove, Otternes og Flåmsbrygga:
Last ned PDF-fil
Fjordsafari:
Ut på tur ...
Gå rett i båten, prøv fiskelykka og kom i nærmare kontakt med nisene.
Stig i land i Undredal – her finst 85 fastbuande, 500 geiter, den minste stavkyrkja og den beste geitosten i verda.
sjå: www.fjordsafari.com og les meir om utflukt til Undredal
Inn og smak…
Den Norrøne Gildehallen Ægir ligg på Flåmsbrygga. Vi har utvikla og skreddersydd menyar som passar til ulike sortar Ægir-øl.
sjå Ægir lokal tapasbuffet
Mat på fat…
Den populære restaurantmaten i byen, er laga på landet!
Ta ein spasertur til eit lokalt gardsbruk i Flåm, Haugen Gardsmat, og smak det gode lammekjøtet med urter frå høgfjellet, servert ute i det fri - like ved Brekkefossen
Sykling på Rallarvegen
Dagstur frå Finse med utsyn til Hardangerjøkulen. Vidare går turen på ca 1300 m.o.h., og ned til Vatnahalsen med utsikt over neste etappe - ned Flåmsdalen, ville fossefall, elvegjel, og ein av dei brattaste jernbanestrekningar i verda.
Sjå www.visitrallarvegen.com for kart og meir informasjon
Sykling i Flåmsdalen
Kom frå fjell til fjord - på sykkel til Flåm!
Ta sykkelen på toget til Myrdal og herifrå går det på to hjul, 20 km ned til Flåm. Guiding med lokal bygdevert og kjentmann vil gje turen ekstra innhald. Her er interessant kulturhistorie, irrgrøne elveslyng, fossar i fritt fall, og eit hopetal ville vekstar i den frodige dalen.
Kort sykkeltur
Ta Flåmsbana til Berekvam Statsjon og sykle 10 km til Flåm.
Bruke eigen sykkel, eller bestille pakke med leige av sykkel og hjelm, følgebil og guiding til Flåm, 10 km.
Vandring i Flåmsdalen
Opplev kontrastane i Flåmsdalen på nært hald. Ta deg god tid. Her er så mange detaljar, stemningar og sanseinntrykk, ville fossestryk, den heilt stille elva, geitene og togfløyta. Ta med kamera!
Sjå ulike turforslag her: http://www.visitflam.no/pdf/walking_in_flam_nor-eng.pdf
Kajakktur frå stranda like ved Flåmsbrygga. Les meir på www.njord.as
Sjå også:
www.fjordsafari.com,
www.fjordoppleving.no
og www.alr.no for tilbod om sykkeltur, padling i kajakk, fjordsafari, utflukter og attraksjonar, eller kontakt oss direkte.







English
Norsk