LogoHjemBooking
KVA SKJER FLÅMSBRYGGA HOTELL FLÅMSTOVA RESTAURANT FURUKROA ÆGIR BRYGGERI KURSPAKKER OM OSS
Bryggeri 2

Kom på omvising i Flåm

I Ægir Bryggeri og Skjenkestove har vi utvikla eit produkt vi er svært stolte av.

Vi arrangerer omvising i bryggeriet og skjenkestova, og vi vil også gje deg ei innføring i ølbryggjarkunsten. Ikkje minst får du smake på dei ulike sortane øl, som alle er karakteristiske i både farge og smak. Prøv også spennande smakskombinasjonar med øl og mat. Vi lagar menyar med lokale råvarer, og uansett årstid er menyane utvikla for å passe saman med dei ulike Ægir ølsortane vi har til eikvar tid.

Ægir Bryggeri har ei interessant historie å fortelje. Bygget er utforma med utgangspunkt i norrøn og lokal tradisjon, og har også i seg element frå samtidsarkitektur. Det særprega bygget er i seg sjølv ein atraksjon og grunn nok til å stoppe i Flåm. Bryggeriet ligg i tunet på Flåmsbrygga, saman med kro, restaurant og det nye Flåmsbrygga Hotell.

Ved spørsmål om bryggeri omvising, hotell,og selskapsarrangement, eller generelle spørsmål om Flåmsbrygga, ver venleg ta kontakt med booking på e-post, booking@flamsbrygga.no eller resepsjon@flamsbrygga.no

Tilbake til bryggeriet