LogoHjemBooking
KVA SKJER FLÅMSBRYGGA HOTELL FLÅMSTOVA RESTAURANT FURUKROA ÆGIR BRYGGERI KURSPAKKER OM OSS
Mat 2

Øl og mat opplevingar i Flåm

Frå tradisjonsmat til tapas, alt med råvarer frå vårt nærområde.

Vi er velkjende for å servere god tradisjonsmat, og vi byggjer nye menyar på lokale råvarer som lam frå Aurland, kreps frå Aurlandsfjorden, bringebær frå Flåm og geitost frå Undredal. Drikke til maten er sjølvsagt vårt eige Ægir-øl, men ølet er også ein viktig ingrediens i marinadar og sausar, og den gode smaken av malt og humle set ein ekstra spiss på maten.

Ølsortane frå Ægir er ulikt, men rikt på smak, og passar til mat av ulikt slag – lyst eller mørkt, lett eller tungt, søtt eller salt. Vi har øl som høver til sjømat som fisk, kreps og reker, til smakssterke grønsaksrettar, til geitost, til raudt og til lyst kjøt, og vi har øl som høver framifrå saman med sjokolade og kaker.
Sjå : Ægir lokal tapasmeny.

Det er kun ein ting Ægir-ølet ikkje passar saman med, og det er wienerbrød – i følgje bryggaren sjølv, Evan Lewis.

Tilbake til bryggeriet